Frå bakarste benk til stortingsbenk

Nordfjord Opplæringskontor og Nordfjordakadmiet

Skal gje jernet: – Hadde nokon fortalt 14 år gamle meg at eg skulle bli stortingsrepresentant, hadde eg aldri trudd det. No skal eg gje jernet. Om det er noko eg har lært gjennom livet, så er det at vi er sterkare saman enn kvar for oss. Fellesskapet vårt er verdt å kjempe for, seier Torbjørn Vereide.

Han vaks opp på bryggekanten på Sandane, somrane med broren både på og under vatn, med symjing og i trebåt med hol i botnen. Når den eine fiska, måtte den andre ause.

– Vi hadde redningsvestar, understrekar han. Elles fekk han boltre seg i alt han var dårleg i, sat mykje på benken i fotball og handball, men alle fekk vere med.

Til Førde og attende

Han sleit med konsentrasjon, skriving og lesing, og vart urokråka på bakarste benk. Heldigvis hadde Torbjørn mange gode lærarar og ein støttande familie. Etter ungdomsskulen prøvde han å finne rett retning, og valde til slutt ein av lidenskapane; mat.

– Kokkelina og hybelliv i Førde var kjempespennande. Eg var nok ein av dei som flytta på hybel litt for tidleg, vekk frå tryggingsnettet. Lagnaden hadde også gitt meg ein litt for dårleg rygg til kokkeyrket, fortel han. Dermed hoppa han over på grunnkurs i sal og service på Eid, og sleit igjen med motivasjonen. Men det skjedde tre skjelsettande ting det året; brettspelet «Kampen om Nordfjord» og to lærarar.

Verdien av gode referansar

Gjennom ungdomsbedrifta «Brettspel UB» forstod han verdien av teorifaga på skulen. Dei unge gründerane forhandla pris på tysk, skreiv distribusjonskontraktar og avtalar med butikkar, laga budsjett og rekneskap,

– Då teorien vart relevant, fekk eg ny motivasjonen for å lære. Endeleg klarte eg noko! Kontaktlærar Leiv Johnny Endal stilte verkeleg opp.
I samfunnsfagtimane diskuterte elevane politikk, lærar Kjersti Markegård vekte engasjementet i klassen.

– Då ein kompis ville verve meg til Frp, skjønte eg at eg måtte bli politisk aktiv i eit heilt anna parti. Ap var heller ikkje aktuelt, for det røysta mamma og pappa. Etter ei veke med lesing av partiprogram fann eg til min store irritasjon at var eg mest samd med Ap, så då vart det sånn. Det viste seg å bli eit godt val.

Etter fullført VG2 studerte han innovasjon og bedriftsleiing i Ålesund. Kvar sommar jobba han, mellom anna som målar, avløysar i silo og bærplukkar.
– Det er kjempeviktig å få brynt seg i ulike yrke, lære korleis arbeidslivet funkar, sjå verdien i yrkesstoltheit, tene eigne pengar og ikkje minst; samle gode referansar til seinare, som viser at du toler å ta eit tak.

Åtaket på AUF

Då han nesten var ferdig med Bachelor, kom den ufattelege datoen 22. juli. Torbjørn overlevde Utøya, men mykje vart sårt og vanskeleg.

– I staden for å fullføre, måtte eg finne på noko praktisk, få litt jord under neglene, fortel han. Torbjørn tok brettspel vidare, og opna mobil restaurant med mexicansk tacos saman med søstera, først i Nordfjord, så i Bergen. Etter kvart etablerte han ein skikkeleg plass, Tacoway.

– Det gav meg ein ny gnist å bruke hendene til noko praktisk. Men det var ikkje dei rikaste åra i livet mitt, og eg jobba opp i 70 timar i veka, hugsar han. Samstundes var det uhyre lærerikt, han merka yrkesstoltheita i restaurantbransjen, der han var i tre år. Då bar det vidare til Førde med jobb i LO Sogn og Fjordane.

Fagrørsla, fagrørsla, fagrørsla

Jord under neglene skal ein absolutt ikkje ha i restaurantbransjen, men no får han det til våren. Etter at Torbjørn og Karina gifta seg i juni, fann dei eit lite småbruk i Sunnfjord, som dei forelska seg i tvert. Så då vert det potetåker til våren.

– På LO-kontoret arbeidde eg mykje med ungdomar og deira første møte med arbeidslivet. Oppsiktsvekkande mange fekk ein hard start, dei hadde trøbbel med arbeidsmiljø og opplagte rettar. Dei forstod kor viktig det er å vere organisert. Særleg under pandemien har folk sett verdien av fagforeiningar. Som stortingsrepresentant vil eg sette ein knyttneve inn mot uverdige arbeidsforhold og sosial dumping, som er eit svært dårleg signal å sende til dei fagutdanna. Ingen yrke er lågstatus. Det handlar om løn og haldingar, å snakke med respekt om alle yrke, slår politikaren fast.

Eit anker i livet

Torbjørn er berre 33 år, men anar ikkje korleis det er å vere ung i dag. Eit anker heime gjer framtida tryggare, den er tidlaus. Det er heilt greitt å prøve litt forskjellig, slik at ein kan finne noko ein trivest med og kjenne meistring. Då er det gode sjansar for eit godt liv og ekstra energi til å gyve laus på nye ting. All støtte heimanfrå er viktig, om ein er femten eller tretti år. Ungdom set pris på det, sjølv om dei ikkje alltid viser det, meiner Torbjørn, kanskje av erfaring.

No byggjer han og Karina kjøken på småbruket og gjer det klart til innflytting. Her er det naust med båt, utan hol i dørken vel og merke, det er lakseelv og gode tilhøve for grønsakdyrking til eige bruk. Pendlarbustaden i Oslo er godt innafor regelverket.
– Eg har alltid likt den nordfjordske sjela, men sunnfjordingane er ikkje så verst heller. Det er ein intens og arbeidskrevjande, men mellombels jobb å vere stortingsrepresentant, så det blir fint å kome heim, nyte roen og fiske med folk eg set pris på.