Framtidas jobb

Kanskje er det romfartsingeniør, opplevingsdesignar, dronesjåfør eller AI-coach ungdommen din vil bli?

Utviklinga går stadig raskare, og ein kan bli litt bekymra for kva typar jobb som vil vere tilgjengelege i framtida. Vi høyrer stadig om at automatisering, digitalisering og robotisering vil ta over tradisjonelle yrke og arbeidsplassar. Så kva skal ein utdanne seg til, og vil det vere jobbar igjen til oss menneske? Ta det med ro. Det er mange ting robotane ikkje kan og vil slite lenge med å få til, og samtidig dukkar nye typar arbeid opp.

Det er dagens sjukepleiarar som skal bli framtidas sjukepleiarar, det er dagens tømrarar som skal bli framtidas tømrarar, og det er dagens ingeniørar som skal bli framtidas ingeniørar, godt hjelpte av alle dei som er på veg ut i arbeidslivet no. Det som er viktig, er å vere kreativ og nysgjerrig på korleis framtida vil bli. Dette startar allereie når ein går på skulen.

Og korleis skal ein bli ein super yrkesaktiv og stadig lære seg nye ting? Jau, ved å jobbe med noko som ein liker og er interessert i. Det å kunne lære nye ting er ein av dei viktigaste eigenskapane ein har, både som student og yrkesaktiv. Kven har ikkje slite med å få til noko som ein ikkje interesserer seg for, og kor «enkelt» er det ikkje å lære nye ting om det er noko ein allereie synest er kjekt og har interesse for? No når du skal hjelpe ungdommen din med å ta sitt første(?) val i utdanningsløpet, må du hugse at læring ikkje stoppar med skulen. Med dagens rivande teknologiske utvikling er livslang læring viktigare enn nokon gong, og derfor er det spesielt viktig å velje noko ein har interesse for, ikkje det kompisen eller andre måtte meine ein burde gjere.

Det er framleis stort behov for flinke og lærevillige folk i heile Nordfjord, og slik vil det vere i framtida òg.

Bedriftene som svarte på spørreundersøkinga melder at dei skal rekruttere mellom 290
og 746 personar i 2022 og mellom 279 og 693 personar i 2023.

Dei neste 3 åra skal 2/3 av bedriftene tilsette faglerte og ingeniørar, 1/3 skal tilsette ufaglærte og nesten 30% skal tilsette personar med bachelorgrad.

Tekst:

Anders Lødemel, Nordfjordpionér, Nordfjordakademiet

Bilde:

Pixabay.com