Jakta på superkreftene

Kva ville du gjere om du aldri trong å bekymre deg for pengar igjen? Dette er eit spørsmål som ofte triggar eins sanne interesser og lidenskap.

I dag finst det enormt mange moglegheiter for utdanning og yrke. Det er veldig positivt, men fører òg til at det å ta val blir endå meir utfordrande for barna og ungdommane våre. Skulane våre gjer ein god jobb, men det er ikkje etablert systematiske ordningar for å sikre at barna våre får utvikla interesse og kompetanse rundt det å velje yrke og utdanning. For deg som føresett og viktigaste rådgivar er det vanskeleg å vite kva du skal svare når ungdommen spør om råd.

Ved å setje ungdommane sitt ve og vel i fremste rekkje og fokusere på individet kan vi hjelpe dei til å nærme seg sitt eige potensial. Å finne sine eigne sterke og svake sider er ein integrert del av utviklinga for alle, men får ein ikkje utforske dei, kan ein få problem med å tilpasse ferdigheitene sine best mogleg. I verste fall kan ein gå glipp av anledningar til å utvikle grunnleggjande eigenskapar for framtida. Men fortvil ikkje!

Blant alle dei ulike styrkane og svakheitene ein person har, er der som oftast éi dominerande gåve – ein eigenskap, ei ferdigheit eller ei interesse – som er sterkare enn dei andre. Det er dette vi kallar superkrefter – noko ein er flink til, noko ein er meir interessert i, eller noko ein rett og slett trivst meir med å gjere. Superkreftene våre er ofte kjende for oss når vi er barn eller tenåringar, likevel blir dei ofte gløymde eller fell vekk seinare i livet fordi samfunn, lærarar, trenarar og andre ignorerer, minimerer eller til og med angrip vår autentiske natur.

Klarer ein å halde på sine superkrefter gjennom oppveksten og vidare i livet, vil det bli kjelda til eit lukkeleg arbeidsliv og føre til ekstra dyktige arbeidstakarar. Derfor er det å jakte på sine superkrefter så viktig.

Valkompetanse – finne sine superkrefter

Det er eit enormt press på ungdommar og unge vaksne i dag når det gjeld å finne «sin veg» eller å gjere «sine val». Så langt har byane klart å lære opp ungdommen til at det er der lukka i yrkeslivet er. Byane har sikra lokale ungdommar valkompetanse. «Vi vel byen, der er det moglegheiter til å bli sett og høyrd og bli noko stort.» Og nøkkelen til å finne seg sjølv er nettopp valkompetanse.

Valkompetanse byggjer på ei forståing av at karriere er eit livslangt prosjekt som handlar om å bli bevisst på kven ein er og ønskjer å vere. Valkompetanse er nøkkelen til å kunne handtere stadig nye, små og store valsituasjonar knytte til ulike overgangar gjennom livsløpet. Det er rett og slett evna til å ta gode val.

Det inneber at du har kunnskap om forskjellige måtar å ta eit val på, at du er bevisst på korleis du sjølv tek val, og at du i tillegg er merksam på kva som er viktig for deg. Slik kan ein betre ta informerte og reflekterte studieval og velje eit studium som kjennest rett. I staden for å følgje straumen bør ein lytte til seg sjølv.

Ein av dei enklaste måtane å finne sine superkrefter på, slik at ein vert meir sikker i sitt val, er å leggje merke til kva som fyller ein med glede. Det er ikkje foreldre, lærarar eller venner som skal leggje føringar for kva ein skal bli. Ein bør lytte til si indre stemme og leggje merke til kva oppgåver som gir og ikkje tek energi. Ein må vere villig til å eksperimentere, opne seg for fleire moglegheiter, pushe seg utanfor komfortsona og ikkje vere redd for feilval for å finne sine superkrefter.

Ikkje ver redd for å velje «feil»

Fleire tenkjer at studievalet er avgjerande for resten av arbeidslivet, og at ein må ta det «rette» valet med ein gong. Det stemmer sjeldan. I løpet av eit langt arbeidsliv er det mange moglegheiter til å skifte retning. Det er ganske vanleg å byte jobb, og mange skifter karriereretning seinare i livet.

Ingen kan spå framtida. Det vi veit, er at nye typar jobbar oppstår, mens andre forsvinn. Sannsynlegvis må ein stå i endringar og ta fleire karriereval gjennom livet. Alle utviklar og forandrar seg, og det er ikkje sikkert at det ein finn interessant, viktig og riktig i dag, vil vere det over tid. Då kan det vere fint å vite at ei utdanning kan kvalifisere til ulike jobbar over tid, og at
jobbutsiktene er avhengige av meir enn studievalet.

Det kan vere mange forklaringar på at vi vel som vi gjer:

  • Alle andre gjer det.
  • Det er ein tradisjon – «eg skal ta over garden/firmaet til familien».
  • Det er spennande og utfordrande.
  • Andre forventar det – «du som har så gode karakterar, må jo bli jurist!»
  • Jobbutsiktene er gode – «eg utdannar meg til sjukepleiar fordi arbeidsmarknaden er god».
  • Reklame og media påverkar oss.
  • Vi har erfaringar med å lykkast.
  • Vi er oppseda til det – «alle i vår familie har høgare utdanning».

Når ein skal gjere eit val, kan det vere lurt å reflektere over nokre spørsmål. Her er nokre forslag til spørsmål som ungdommen din kan stille seg:

  • Har eg nok informasjon?
  • Kva fordelar ser eg?
  • Kva ulemper ser eg?
  • Kva blir resultatet av valet mitt?
  • Kvifor er dette så viktig for meg?

Alle val er personlege, og det som er rett for deg, kan vere feil for ein annan. Somme bruker lang tid på å velje, mens andre bruker kort tid. Kjenneteikna på eit godt val kan vere mange, men kjenner ein seg igjen i nokon av desse punkta, kan ein vere på rett veg:

  • Ein har ei god «magekjensle», det kjennest rett og slett riktig.
  • Ein er stolt og glad for valet og sit igjen med ei positiv kjensle.
  • Ein viser valet til andre, og det kjennest fint å fortelje andre kva ein meiner, set pris på og prioriterer.
  • Valet har vore frivillig.
  • Fleire alternativ har vore oppe til vurdering.
  • Ein har vurdert konsekvensane og utforska positive og negative sider.

Så korleis ta eit val?

Tips: Prøv nye ting, ta ein personlegdomstest, lag ei liste over interesser, spør andre kva som er dine beste eigenskapar, utforsk nye erfaringar. Lukke til!