Mellomtrinn til medisinen

Allereie i barnehagen sa Veronica Elde (30) frå Ålfoten at ho skulle bli lege. Men etter å ha jobba innafor helse og omsorg, var fastlege det siste ho ville bli. Heller koreografi!

Fastlegen: Foreldre er støttespelarar og må innsjå at vegen vert til medan ein går. – Det er fint at dei unge samlar seg erfaring og tek på seg ansvar, men eg ville ikkje atteleta for mykje om tenåringen ikkje vil ha sommarjobb heller, seier Veronica Elde.

I dag er ho fastlege på Nordfjoreid.

– Foreldre må vere forsiktige med å legge føringar og forventningspress, og late dei unge ta ansvar sjølv. Eg kan bruke utdanninga mi til mykje anna enn å vere lege. Men dei som står framfor valet må også realitetsorientere seg litt, om det vert lett eller vanskeleg å få seg jobb, meiner ho. Men ingenting er spikra. Det er betre å angre på noko ein har gjort enn ikkje har gjort.

Tidleg ansvar

Dei som har hatt ein fin oppvekst, ynskjer gjerne at ungane skal oppleve det same. Difor flyttar mange heim når dei stiftar familie, slik Veronica gjorde i 2018.

I Ålfoten kunne Veronica og dei andre ungane boltre seg fritt og skulen var todelt med få elevar.

– Det var sikkert utfordrande for lærarane med fleire årskull i kvar klasse, men dei var flinke til å tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev, og det sosiale læringsutbytet var stort, fortel ho. Jenta var glad i teoretiske fag, og valde allmennfag då ho ikkje ante kva ho ville seinare. I feriane jobba ho mellom anna ved bustader for funksjonshemma i Svelgen.

– Det er viktig å kjenne på ansvar tidleg, lære kva yrkeslivet er. Eg var ung og idealistisk, og hadde mange tankar om korleis ting skulle vere. Politikarane ser ikkje ut til å forstå at helse er, og vil alltid vere, ein utgiftspost, og det gjev ikkje helsevesenet dei beste rammene. Difor tenkte eg at det er eit stort ansvar å vere fastlege, så det skulle eg iallfall ikkje bli.

Danseglede

Veronica dansa seg gjennom dei tre åra på Eid vgs, som deltakar i pilotprosjektet «Dans utan grenser» og i fleire roller i dei første musikaloppsettingane på Operahuset Nordfjord. Dans vart ein lidenskap i livet hennar.

– Eg var ikkje noko stort teknisk talent, men fann stor glede i dansen, saman med danselærar Candice Bredesen. Det var danseverkstad og helgesamlingar, eg var koreograf på russerevyen og tok balletteksamen med sensor frå England. Og eg ville danse meir.

Hybellivet var både på godt og vondt, men det lærte ho å ta ansvar og vere disiplinert, noko som gav fordelar vidare under studie og i jobb.
Etter vidaregåande vurderte ho å søke på ei musikalline i England, men den tok ikkje inn elevar det året, så ho måtte i tenkeboksen att. Ho var rådvill, og bestemte seg for eit år på folkehøgskule i mellomtida.

– Eg kom inn på danselina på Trøndertun på Melhus. Det var eit utruleg kjekt år, samstundes fekk eg tenkt litt og laga prioriteringsliste. Liverpool Institute of Performing Arts (LIPA) hadde «audition» på skulen, eg var ikkje i nærleiken av opptak, men det var kjekt å prøve. Då fann eg ut at det var på tide å kome attende til skulebenken.

Tvilande medisinstudent

Valet stod mellom Norges handelshøgskule og medisinstudiet, eller reise til Australia eit år.

– Eg kom inn på januaropptaket til medisin i Oslo, noko familien min var veldig nøgd med. Men eg kjende jo litt på forventningane, så eg gjorde det klart at kanskje eg slutta om dette ikkje var noko for meg. Eg voks opp med besta og mamma, som ikkje hadde høgare utdanning. Banda til tantar og onklar var og sterke, og vi hadde mange gode diskusjonar i familien. Dei er vande til at eg er sta og alltid går mine eigne vegar, ler ho. Den hausten var ho instruktør på dansestudioet til Christine Gaustad i Måløy og vikarlærar på Davik oppvekstsenter.

Ein treng ikkje ta heile medisinstudiet i eitt. Etter to år hadde studenten trong for ein pause.

– Eg jobba på Rikshospitalet og som inspektør på Edderkoppen teater før eg backpacka åleine ein god månad i Søraust-Asia. Eg måtte jo ha noko å fortelje studiekameratane etterpå!

Heimover

Då ho møtte kjærleiken i ein annan nordfjording, kom tanken på å flytte heim.

– Eg har alltid visst at eg ville ta ei fleksibel utdanning så eg kunne flytte heim om eg ønskja det. Etter sommarjobbane på Nordfjord sjukehus, kjende eg litt til kva som var mogleg i denne regionen. Erik har fast jobb her med lakseoppdrett. Når ein først har kome heim og fått barn, er det ikkje så attraktivt å bryte opp att, konkluderer ho. Frykten var at det var få på deira alder, men tilflyttinga til Eid er god. Det er overraskande mange som får med seg partnarar frå andre plassar også.

To verder

Veronica kan like både by og bygd, det er to heilt ulike verder. Her kjenner vi naboane. I romjula har ho testa ut nye ski. Terskelen for å kome seg ut er lågare her, ein slepp alt styret med kø og parkering. No er familien på husjakt, gler seg til opne dører og ungar som flyg ut og inn som dei vil.
Fastlegen hadde mammaperm då Koronaen braut laus, det var veldig annleis å kome attende på jobb i september 2020. I studietida tenkte ho på «Leger utan grenser», men no ønskjer ho å halde fram som fastlege, finne balansen mellom jobb og fritid. Det har vore mykje snakk om kor fælt fastlegelivet er, at det er vanskeleg å rekruttere.

– Arbeidsbelastinga er stor, ansvaret er stort, pandemien har synt kor skjørt helsevesenet har vore lenge. Staten må meir på bana når det gjeld rammene til fastlegeordninga, for eg liker jobben veldig godt, konstaterer jenta som la ballettskoa på hylla.

– Men så snart eg finn balansen mellom jobb og fritid, skal eg ta dei fram att.