Saman for ei super framtid

Kvifor er det så viktig å finne superkreftene sine? Korleis kan ein finne superkrafta? Kva er eigentleg ei superkraft? Dette er nokre av dei viktige spørsmåla som dannar grunnlaget for dette magasinet, og ein viktig del av svaret er foreldra til dagens ungdom i Nordfjord!

Ei superkraft er etter vår meining ein eigenskap som kan brukast for å få seg ein jobb som ein meistrar og trivst i på ein stad som ein elskar. Nokre har det kanskje i fingrane, nokre i føtene, nokre i hjartet og nokre i hovudet. Det einaste sikre er at alle har ei superkraft! Vi håper at arbeidsstaden til ungdomen din blir her i vakre Nordfjord, der vi kan by på so mykje, der vi har det so kjekt og der det er so flott! Både Nordfjord Opplæringskontor og Nordfjordakademiet er støttespelarar i jakta på superkreftene, og vi har saman eit enkelt og inspirerande slagord: «Heia Nordfjord!»

Nordfjord Opplæringskontor rekrutterer og utdannar superlærlingar til fagbrev i superbedrifter og kommunar i heile Nordfjord. Vi kallar det «superlærling» fordi vi set svært høge krav til alt frå bedriftene, læreplanane, fritidsaktivitetane, kurstilboda, instruktørane og rådgjevarane. Heile reisa skal rett og slett vere super! No har vi på få år gått frå 0 til over 200 superlærlingar i Nordfjord, og desse er utruleg flinke!

Nordfjordakademiet jobbar tett med bedrifter, kommunar og andre organisasjonar for å sjå på heile utdanningsløpet til ungdomane, frå barnehage til tidleg yrkesliv. Denne heilskaplege tilnærminga skal i størst mogleg grad sikre at ungdomen får moglegheit til å finne sine unike evner, der dei får utforske mangfaldet i evnene sine og der dei vert kjente med eit breitt utval lokale utdanningsvegar og yrke. I framtida skal det verte mykje enklare for ungdomen din å vite kva yrke som passar best og kva arbeidsplass ein ønskjer seg. Nordfjordakademiet skal rett og slett auke kvaliteten på valkompetansen til ungdomen ved å jobbe langsiktig, grundig og tålmodig gjennom barndomen og ungdomsåra deira.

Vi veit kor krevjande det er å vere foreldre. Vi vil difor knyte tettare band til dykk i tida som kjem slik at vi endå betre kan jobbe saman til fordel for ungdomen din. I dette magasinet møter du mange flotte menneske som kan gje deg inspirasjon som foreldre. Du vil sjå at det er mange vegar til målet, at ein aldri må gje opp og at Nordfjord er ein god plass å lukkast på i livet. Jakta på superkreftene er ei spennande reise som speglar sjølve livet, og dei som finn superkreftene sine finn lukka med det same. Del gjerne magasinet med ungdomen og endå betre – les det saman!

Tekst:

Nordfjord Opplæringskontor og Nordfjordakademiet

Bilde:

Nordfjord Opplæringskontor og Nordfjordakademiet