Ta eit superval i Nordfjord

Utdanningstilbodet er stadig i endring, og det dukkar opp nye retningar, nye tilbod og nye namn. At ungdommen er forvirra, usikker og overvelda, redd for å velje feil? Heilt naturleg. At de foreldre er forvirra? Også heilt naturleg. For kva er eigentleg det viktigaste å tenkje på når det gjeld utdanningsval?

Leiv Johnny Endal og Kjetil Svarstad, superrådgjevarar Nordfjord opplæringskontor.

Vi har teke ein prat med to av superrådgivarane i Nordfjord opplæringskontor, Kjetil Svarstad og Leiv Johnny Endal. Ein samtale alle tiandeklassingar og foreldra deira truleg kan dra nytte av!

Den første livskrisa?

Det er ikkje til å komme forbi at moglegheitene kan kjennast uendelege. Kva vil du? Kvar vil du? Kva skal vennene dine? Skal du «følgje på» eller velje din eigen veg? Det er mange tankar som melder seg hos ungdommen. Ein kropp i endring, meiningar som endrar seg «kvart minutt», drama i vennegjengen, den første kjærleikssorga, hormona. Alt dette i tillegg til det som kan kjennast ut som eit av dei første store vala i livet. Totalpakken kan vere altoppslukande, og følelsen av at dette er den første livskrisa, er ikkje uvanleg. Det er viktig at foreldra lèt ungdommen kjenne på dette og godtek at for dei er dette eit reelt problem som ikkje berre kan feiast under teppet. Foreldra må ta det på alvor, ikkje snakke det vekk som om det var ingenting, seier superrådgivarane.

Stol på magekjensla

Kva skal ein eigentleg følgje når det gjeld studieval – magekjensla, hjartet, hovudet? Magekjensla, hjartet, eller begge to, seier Leiv Johnny og Kjetil. Magekjensla er ein indikasjon på det er rett for deg, så våg å kjenne på den. Våg å stole på magekjensla, saman med hjartet, nok til å ta dei vala som gagnar deg best. Om det skulle vere å satse på musikklinja på Sandane, eller gå saman med kompisane på maritim i Måløy, så gjer det. Du kan bli akkurat det du vil, er det mange som får høyre, og vi veit det ofte kan gjere valet vanskelegare.

Moglegheitene kjennest tallause, og presset til å velje rett desto større. Fokuser på kva som er rett for deg, kva akkurat du har lyst til. Berre hugs at kombinasjonen av skuletilbod og næringsliv i Nordfjord er så og seie ein uslåeleg duo, poengterer superrådgivarane. Ungdommane som veks opp i Nordfjord, er rett og slett utruleg heldige, seier Kjetil.

Som forelder er det viktig å hugse tilbake på kva du sjølv har gjort. Kvar er du i dag, sett på bakgrunn av valet du tok om vidaregåande skulegang? Gjekk du den såkalla rette linja? Blei du elektrikar? Sjømann? Kokk? Musikar? Poenget er at valet tiandeklassingane skal ta no, kjennest som eit stort og avgjerande val for dei, sjølv om det ikkje alltid er like sant. Om dei går dans, studiespesialiserande, helse eller service, har det i det store og heile ikkje så alt for mykje å seie for vidare utdanning. Har dei valt feil linje og må starte på nytt, så støtt dei i det og vis forståing. La dei prøve og feile. La dei kjenne på meistring og vekse som menneske. Då blir dei kjende med eigenskapane sine og kan setje i gang med å dyrke dei. Uansett val og veg vil dei då vere eit steg nærmare det som vil vise seg å vere rett for dei.

Av val kjem alltid lærdom

Bodskapen frå Leiv Johnny og Kjetil er klar og tydeleg. Det er umogleg å velje feil. Av val kjem alltid lærdom, sjølv om det til tider kan kjennast skummelt, stressande og uoverkommeleg. Om du føler at du har valt feil og vil starte på nytt året etter, kva har det å bety i den store samanhengen? Eit ekstra år på skulebenken? Eit ekstra år med lærdom? Kva er feil i det? Uansett kva du vel, og korleis valet utspeler seg, vil du alltid bli ei erfaring rikare, påpeiker superrådgivarane.

Vegen blir til mens du går

Åra på ungdomsskulen kan vere tunge, og motivasjonen for å gjere noko vidare kan vere laber. Sjølv visste ikkje Leiv Johnny kva linje kan skulle velje før kvelden før fristen. Den dåverande rektoren tipsa han om at elektro var framtida. Leiv Johnny lytta til tipset og søkte seg inn på elektrolinja. Lite visste han då at han sjølv skulle jobbe som lærar på same linja og seinare ha Kjetil som elev. Trass to svært ulike vegar tok dei på eit tidspunkt same avkøyringa og utdanna seg til lærarar. Kven hadde trudd at det å gå elektrolinja skulle føre til utdanning innan læraryrket, og at dei seinare skulle ende opp med jobb som superrådgivarar i Nordfjord opplæringskontor? Ikkje Leiv Johnny og Kjetil, i alle fall. Det seiest at vegen blir til mens du går, og det er Leiv Johnny og Kjetil særs gode eksempel på.

Topp tre for frustrerte foreldre

Som forelder ønskjer ein det beste for ungdommane, og å sjå dei uengasjerte og umotiverte kan vere fortvilande. Det er ikkje alltid like enkelt å vite kvar ein skal starte, og kva som er rett måte å motivere dei på. Leiv Johnny og Kjetil peiker på at de foreldre ikkje må vere redde for å spørje om råd på vegner av ungdommen dykkar. Vi veit det er freistande å seie «viss eg var deg, ville eg …» og såleis råde dei ut frå seg sjølv og sine intensjonar. Dette kan skape eit større gap mellom deg som forelder og ungdommen. Ein skyver dei rett og slett lenger vekk. Hugs å bruke påverknadskrafta di smart, sjå ungdommen som den dei er og kva ønske dei sjølve har. Superrådgivarane har gitt oss sine tre beste tips til ein frustrert forelder. Vi håper desse kan vere med og gjere det litt enklare å starte samtalen om studieval og vegen vidare.

  1. Lytt til ungdommen på deira premissar. Snakk med dei når dei er der mentalt, ikkje berre når du er der.
  2. Hjelp ungdommen å finne si superkraft, og hjelp dei med å bli klar over sine sterke sider, talent og interesser og å avdekkje kva dei er gode på.
  3. Ver støttande i vala dei tek, uansett kva det er. Ver heller med i en god prat om valet der du sikrar at valet er gjennomtenkt.

Til tiandeklassingen

Valet du står overfor no, kan kjennast stort og usikkert, det veit vi. Vit at du aldri står åleine, sjølv om det kan kjennast sånn nokre gonger. Det er lov å spørje om hjelp, spørje om råd og rettleiing. «Lytt til erfarne fjellfolk», våg å gjere det som kjennest rett for deg, og ha det kjekt på vegen. Ver heller ikkje redd for å ta nokre u-svingar på vegen, du kjem deg alltids fram til slutt. Dessutan er Nordfjord opplæringskontor og Nordfjordakademiet berre ein samtale unna, og superrådgivarane slår gjerne av ein prat eller to dersom du ønskjer det.