Turbodirektør med skateboard

I følgje han sjølv er Preben Moen (31) teoretisk tilbakeståande, fekk 1 i norsk og var ein skikkeleg dritunge på ungdomsskulen. – Derimot hadde eg 6 i gym, og på grunn av World of Warcraft vart eg sabla god i engelsk.

Hotelldirektør Preben Moen er lite sjølvhøgtideleg, men oppteken av fotefara vi set etter oss.

Han voks opp på Gloppen Hotel, der faren var direktør.

– Eg skal bli kokk, sa sjuåringen.

– Eg treng eit skattekort, sa han som åtteåring. Han nådde knapt opp til skranken på likningskontoret på Sandane, men skattekort fekk han. Dermed vart det barnearbeid i skrubben og blå, alkoholfri drink når dei andre tok lønningspilsen. Men lønsslipp fekk kan ikkje før nokre år seinare.

I kjappaste laget

Familien har hus på Gran Canaria, så den urolege ungdomen gjekk ungdomsskulen der.

– Vi var to klovnar i klassen og hadde ein ganske ufin lærar som mobba oss. Vi starta ein underskriftskampanje for å få sparka ho, men det gjekk jo ikkje. Det vart mykje oppstyr og samtalar med mor og far. Forholdet til læraren vart ikkje betre etter det, så der var eg nok litt for kjapp…
Preben ville framleis bli kokk. Trass i dårlege karakterar, kom han inn på kokkelina i Førde, kanskje på grunn av dysleksien og statusen som direktørson, trur han sjølv.

– Lærar Håkon Bjåstad betydde mykje for meg, «eg veit kva som bur i deg», sa han då dei andre elevane vaska opp medan vi to stod ute og røyka.

– Då eg vart assisterande kjøkensjef, 19 år gammal, køyrde eg kabriolet og tente meir enn far min, ler han. For kokkekarrieren gjekk til himmels, frå Teaterkafeen til Dr. Holms på Geilo og kjøkensjef på Engø gard på Tjøme.

Bratt læringskurve

Brått vart han den yngste hotellsjefen i landet, berre 22 år gammal. Det var ikkje hans eige val. Året er 2013, det er påske, og faren Dag døyr brått på Gran Canaria. Preben drog rett heim. Han hugsar første dagen og 17. mai, elles er våren og sommaren eit svart hol i minnet til den unge hotelldirektøren. Først i september byrja han å kome til seg sjølv.

– Då oppdaga eg at vi både var på randen av konkurs, og at eg ikkje kunne noko om hotelldrift. Eg kunne berre lage saus. På grunn av utbygginga nokre år før hadde vi stor gjeld. Vi var så underbemanna at vi som var att jobba oss mest ihel. Eg budde på rom 105, guterommet mitt, var direktør om dagen og kokk om kvelden.

Familievenen Vidar Ødelien, direktøren på Sunnfjord hotell i Førde, vart redninga. Saman sette dei opp eit budsjett for 2014, med papir og blyant. Året etter fekk Gloppen hotell prisen “Norsk på menyen” frå Matmerk og Preben vart kåra til “Helt sjef” blant 405 nominerte unge leiarar.

Å bruke kreativiteten rett

Når han sjølv har vurdert lærlingar og sommarvikarar, har erfaringane frå eige liv vore viktig å ha med seg.
– Med praktisk utdanning kjem du tidleg ut i arbeidslivet. Vidare utdanning kan du ta seinare. Du kan jobbe og studere på si – ja, ikkje eg da, for eg kan ikkje lese ei bok. Det viktigaste er at dei får prøvd seg, forstå korleis dei kan løyse praktiske problem og sette konsept ut i livet. I hovudet mitt gjev praksis flest studiepoeng.

Snittalderen for restaurantkokkar er 27 år, og det er uendeleg med moglege vegar med fagbrev. Dessutan er det jo stor manko på kokkar no, på grunn av pandemien.

– Dersom tenåringen din er ein Duracell-kanin, lat han eller ho vere det. Eg gjorde masse rart eg ikkje skulle gjort, og det vart folk av meg. Det gjeld å finne måtar å bruke kreative evner på. Det er der jobbane er i framtida, meiner han. Ikkje alle kan jobbe i bank. Sjølv har han lært seg å få utløp for energien og kreativiteten, og bruke sinne på rett måte.

– Eg kan bli ufin om nokon prøver å lure meg, men er hyggeleg og snill 99 prosent av tida.

Flaks

I 2018 var ein epoke over, og Gloppen Hotel vart seld til Classic Norway Hotels.

– Redsla for å kome i same situasjon som i 2013 sat djupt. Eg er ikkje så opptatt av pengar, men ønskjer at det familien har bygd opp skal leve vidare. Og med tanke på Koronaepidemien, var det jo eit gunstig tidspunkt.

Han er framleis direktør, med sine ADHD-tendensar og tilhøyrande sprudlande kreativitet. E-post og Excel er ikkje noko for Preben, men han er rå i hovudrekning. Det er ikkje heilt innafor i ein profesjonell hotellkjede.

– Det er trygt, men lufta går litt ut av meg. Det er kanskje ikkje smart å vere leiar på same plassen i altfor mange år heller, særleg om ein er i overkant kreativ.

– Eg treng nokon som held meg litt att, det vert lett for mange prosjekt, innrømmer han.

God og dårleg vin

– Status er ein merkeleg ting, seier han brått. Preben vart singel sist sommar, og har vore innom nokre datingappar, og undra seg over krava til damene.

– Du skal helst ha ein bachelor eller master. Er det det viktigaste?

Kanskje er det difor han er i ferd med å utdanne seg til vinkelner i tillegg til full jobb, og vurderer nettopp ein bachelor eller master? Om Preben sjølv får barn, håpar han dei vert interessert i idrett av noko slag, at dei har konkurranseinstinkt og får brukt energien sin positivt.

– Så skal eg lære dei skilnaden på god og dårleg mat og vin, men elles ikkje påverke dei, slår han fast. Sjølv var han så ivrig med skateboardet at han tok bussen til Førde for å rulle i skatehallen. Han har det enda. Det ligg i Teslaen.