Ungdomskviskraren

Dersom Marco Elsafadi (45) hadde følgd si eiga magekjensle, hadde han vorte tømrar. I staden lytta han til dei han hadde tillit til. Det valet angrar han framleis på.

Vi har tatt ein prat med vår gode venn og relasjonshøvding Marco Elsafadi.

Det viktigaste vi kan gje ungar er eit godt forhold til seg sjølv, og til andre. Då vert dei tryggare på eigne val. Mange vel som dei andre, men dei må forstå at det er lov å velje sjølv, ikkje utifrå kva mamma og pappa, vener og rådgjevarar meiner.

Trena seg sjuk

Familien frå Libanon var på flukt, først til Tyskland, så til Noreg då Marco var ti år.

– Det var kjipt å miste alle venene i Tyskland. Men far, mor og vi syskena hadde kvarandre. Det var oss mot verda. Foreldra mine har ikkje høgare utdanning, så vi gjekk på oppdagingsferd ilag. Men eg fekk feil råd frå dei eg hadde tillit til, fordi eg hadde alt for gode karakterar, ler han. Gå idrettslina, sa dei til den dyktige basketballspelaren. Så gjorde han det, men angrar framleis.

– Andre året kollapsa eg på grunn av for mykje trening. Kroppen var heilt nedkøyrd utan at eg hadde merka det. Så byta eg til allmennfag og då losna det.
Men er det for seint å bli tømrar, då? Marco ler, det er ikkje første gongen han får det spørsmålet.

– Skulle eg teke fagbrev no, i tillegg til tre ungar og full jobb, ville eg ha brukt 20 år! Det får heller vere.

Finne sin eigen veg

– Ungdom lyttar til folk dei liker. Du må aldri stille høgare krav enn det som er innanfor relasjonen. Og det nyttar ikkje å endre ein ungdom, det må dei gjere sjølve, slår han fast.

Han prøver å gje ungdomen tru på seg sjølv og kunnskap om alternativa. Kva ynskjer du å jobbe med? Menneske eller tal? Jobbe sjølvstendig? Det er masse alternativ, prøv dei ut. Ein kan gå vidare frå tømrarfagbrev til byggmeister og vidare til ingeniør. Alle yrkesval er like nyttige og viktige. Ingen jobbar treng å vare resten av livet.

– Nokon elskar tal, men eg hadde klikka etter ei veke som revisor, grøssar han som elskar menneske, og særleg dei som kavar litt.

Statusen til yrkesfaga

Mange sommarjobbar er borte, teknologien har gjort terskelen høgare for strøjobbar.

Men Marco ser ei god utvikling når det gjeld statusen til handverksyrka, også blant foreldre.

– Problemet er gjerne at alle rådgjevarar er akademikarar, og har lett for å snakke om det yrkeslivet dei sjølv kjenner, trur han, og meiner at yrkesfaga kan ta litt ansvar og tipse rådgjevarane. I dag er det ofte berre på yrkesmessene tiandeklassingane får ein smak av yrkesfag, og ser at det kan vere gøy. Men det har vorte meir synleg at det er ein trygg og rask veg ut i jobb. Akademia er meir risikabelt.

Dei sinte unge

Marco kjenner lærarar som etter år i skulen får eit hjarte for dei som slit ekstra, for dei unge og sinte, og heller vil hjelpe dei. Sjølv har han ei lang merittliste som basketballspelar, men og innafor arbeid for sårbar ungdom. Han vart Mesternes Mester i 2014, men å bli «Årets forbilde» under Idrettsgallaen i 2006 og få «Åpenhetsprisen» av Mental Helse året etter, var viktigare for den ettertrakta føredragshaldaren. Engasjementet for ungdom har ført til fleire verv i utval for regjeringa, og hans heilt unike evne til å snakke med ungdom på deira eigne premiss vart tidleg oppdaga.

Nokon såg talentet

William var lærar og far til ei jente Marco trena då han var 20 år. Faren var imponert over korleis den unge basketballspelaren handterte ungane, og særleg kontakten han fekk med sinte, utagerande gutar.

– Du har talent for å snakke med ungdomar, sa han, og spurte om eg ville ha vikartimar på skulen hans, med særleg ansvar for unge innvandrargutar. Eg trudde han tulla med meg, dette er Marco, ekspert på å snakke med ungdomar, liksom. Korleis skal eg kunne rådgje lærarar? Men forventingane planta noko positivitet i meg.

Først måtte han bli kjent med dei. Ungdomen er ekspert på seg sjølv. Han bygde alliansar, var venleg og starta opp eit skulelag i basket, som trena fast kvar veke.

– Rolla mi som trenar gav meg eit mandat, dei såg opp til meg, vi fekk «connection». Først då kunne eg spørje; kvifor er du så sint?

Eit godt menneske

Då Marco søkte lærarjobb i Bergen, sa William at han ville vere referansen hans.

– Slik lærte eg at å vere «ein likandes person» er nøkkelen til neste dør, til dømes ein lærlingplass. Nettverk og gode referansar betyr alt. Ingen lærer dei unge kor viktig dette er. Dei fleste får jobb gjennom nettverket sitt, slik er det berre.

Ingen vert lykkeleg av gode karakterar og lågt fråvær. Psykisk helse er mykje viktigare. Når dotter mi på 13 år kjem heim frå skulen, spør eg ikkje; kva lærte du i dag. Eg spør kven ho leika med, om ho har vore snill med nokon eller om nokon har gjort noko fint for ho.

– Dotter mi kvir seg til mattekarakteren allereie. Så mykje energi dei bruker på karakterjaget! Får du 1 eller 2 i matte er det greitt, seier eg. Den karakteren definerer ikkje deg. Men det er jo viktig for å få ein god jobb og eit godt liv, resonnerer 13-åringen. Slike tulletankar må vi som foreldre nøste opp i. Det viktigaste er at du blir eit godt menneske.

Så når nokon spør dotter til Marco om kva ho skal bli, svarer ho: Eit godt menneske.

Tekst:

Marit Kjersti Bendz

Bilde:

Silje Katrine Robinson, Megafon og Leiv Johnny Endal