Visste du at …?

Tekst:

Nordfjord Opplæringskontor og Nordfjordakademiet

Bilde:

Shutterstock.com

I 2060 må 1 av 3 arbeide i helse- og omsorgsyrke for å kunne dekke behovet.

Alle elevane i Nordfjord som ønskte seg læreplass hos våre bedrifter, fekk læreplass i 2021.

Nordfjord har eit rikt og mangfaldig næringsliv som har behov for alle utdanningar.

Du kan ta dans, drama, musikk og idrett samtidig som du tek studie-spesialisering.

Som lærling får du lønn medan du er i vidaregåande opplæring, og du får eit fagbrev som er verdifullt resten av livet.

Dei fleste yrkesfag kan òg tilby fagskuleutdanning.

Innan 2035 kjem vi til å mangle ca. 90 000 fagarbeidarar i Noreg.

Berre i Nordfjord kan ein utdanne seg i over 200 ulike yrke.

Fullført læretid og fagbrev gir deg rett til påbygging til studiekompetanse (vg4). Du kan dermed ta vidareutdanning på mellom anna høgskular.