NOMEK

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Nomek er ei moderne og anerkjent bedrift innan platearbeid og mekanisk produksjon. Vi har høg kompetanse innan design, konstruksjon, utvikling og produksjon. Bedrifta er kjent for mellom anna sin spesielle kompetanse på lastebil og miljøpåbygg, platearbeid og overflatebehandling. Nomek har i dag lærlingar innan fleire ulike industrifag, samt IKT og automasjon.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Du søkjer læreplass via www.superlarling.no.

Kva vil det seie å verte lærling i bedrifta?

Om du blir lærling i Nomek, vil du få arbeide i ei særs spennande bedrift som har mange spennande oppdrag til ei kvar tid. Vi har ein maskinpark av høg standard, og dette saman med tett oppfølging vil gje deg dei beste føresetnader for å tileigne deg mest mogeleg kompetanse i læretida.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Nomek er lokalisert i Stryn, med moderne produksjonslokaler på over 7500m².

Kven vert kollegaene på jobben?

Som lærling i Nomek får du tett oppfølging på vegen mot fagbrevet ditt frå medarbeidarar med høg kompetanse innan ulike felt.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Søknadsfrist er 1. mars, og du søkjer læreplass via www.superlarling.no. Vi ynskjer at potensielle lærlingar er utplassert med oss medan dei er elevar. Oppstart av læretida er normalt i august.