Nordfjordnett

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Vi er ei god lærebedrift med brei kompetanse innanfor våre yrkesfag. Vi tek godt vare på alle våre lærlingar og gjer dei ansvar og meiningsfulle oppgåver å jobbe med.

Vi har gode resultat på lærlingane vi har og legg mykje arbeid i og gje lærlingane so god opplæring som mogleg.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Ta kontakt med oss direkte eller søk gjennom Nordfjord Opplæringskontor. Her er det viktig med engasjement!

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Allsidige oppgåver, fordjuping i dine interessefelt innanfor våre system, ansvar for oppgåvene du jobbar med.

Våre lærlingar blir inkludert i arbeidsmiljøet på lik linje med faste tilsette.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Nordfjordnett har sitt hovudkontor i Deknepollen (Måløy)

Kven vert kolleganene på jobben?

IKT-Servicemedarbeidarar og dataingeniørar som jobbar innanfor dei fleste fagfelta IKT har og by på. Vi er fordelt på 3 avdelingar, Brukarstøtte, Server og Applikasjon og Infrastruktur.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Om du er engasjert og viser gode haldningar og stå-på-vilje har vi ingen fristar.

Vi er fleksible på oppstartstidspunkt. For dei som kjem frå skulen er dette oftast i månadsskiftet juli/august.