Sport Outlet avd Stryn

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Her kan du få muligheten til å bli ein del av det som no er på veg til å bli Noregs største sportskjede, innan friluftsliv og trening.

Sport Outlet har vakse seg store på rekordtid. Vi har eit enormt utvalg av varer, og med dei prisane vi opererer med så blir vi uslåelege.  

Vi kan tilby spennande læreplassar. Med utvalget vi har i butikken, får du god erfaring innan eit vidt spekter av varer.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Den beste vegen er søke gjennom Nordfjord Opplæringskontor sine nettsider. Du kan og ta direkte kontakt med bedrifta om du heller ynskjer det.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Arbeidsoppgavene vil være varierte, og med god oppfølging. I tillegg vil du få delta på samlingar for lærlingane våre.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Du finn oss på Stryn Torg i Stryn Sentrum, i Stryn Kommune.

Kven vert kolleganene på jobben?

Her vil du få ta del i eit sosialt og samansveisa arbeidsmiljø, med begge kjønn og i ulike aldere. Du må kunne kommunisere godt på norsk.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Vi følgjer dei offentlige søknadsfristane som i pr er 1. mars. Vanlegvis så vert lærlingane tilsette i perioden mars – juni, og med oppstart etter sommarferien i august. Men vi er opne for å diskutere andre tidspunkt for oppstart om det skulle høve den enkelte bedre.