Stryn Bedriftsbarnehage

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Blir du lærling hos oss blir du ei viktig brikke i eit godt faglig miljø, som ser på det å ha lærling som postitvt og utviklande for bedrifta. Du vil oppleve å bli møtt av eit kollegie som er opptatt av inkludering, gode relasjonar, anerkjennelse og dialog. Du blir ein del av eit miljø som støtter og utfordrar kvarandre innanfor trygge rammer. Som lærling hos oss vil du bli tatt godt vare på – for oss er det viktig at du føle deg som ein viktig del av personalgruppa og oppleve at du blir sett, forstått og lytta til. Humor og glede er viktig stikkord i kvardagen og på pauserommet – vi likar å ha det kjekt i lag.

Våre verdiar; Trygg, Nær og Inkluderande.

Vår visjon: Alle skal bli sett, forstått og lytta til

Korleis verte lærling i bedrifta?

Gjennom søknad i Nordfjord opplæringskontor sin søknadsportal

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Er du lærling i bedrifta vår vil du;

  • Få erfaring med å jobbe med barn i alderen 1-5 år.
  • Få god oppfølging av dyktige instruktørar, som alle er har gjennomført instruktørkurs.
  • Få fast oppfølging frå fagansvarlig og styrar.
  • Få gode muligheter til å utvikle deg som barne- og ungdomsarbeidar i eit godt arbeidsmiljø
  • Du deltar i det daglige arbeidet og på møter på lik linje med alle andre tilsette.
  • Du blir ein del av eit godt faglig miljø.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Stryn Bedriftsbarnehage AS (SBB) ligg solrikt til nær skog og fine friluftsområde, nær Stryn sentrum.

Vikavegen 2. Nord for Stryn Vidargåande skule.

Kven vert kolleganene på jobben?

  • Ein blid og imøtekomande gjeng som vil ta godt vare på deg i læretida.
  • Eit støttande og lærande miljø med fagarbeidarar og barnehagelærarar – der du blir inkludert, utfordra og vil oppleve meistring.
  • Ein positiv og oppmuntrande gjeng.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Oppstart er som regel 1. august