Stryn Kommune

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Stryn kommune er ei av Noregs mest kjente reiselivskommunar, med isbrear, gondol, spektakulær natur, frodige dalar og djupe innsjøar. Som lærling i kommunen kan du ta utdanning innan mellom anna helsefagarbeidar og barne&ungdomsarbeidar. Kommunen har til ei kvar tid kring 20 lærlingar.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Via søknad til www.superlarling.no og intervju.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Som lærling i kommunen vil du få varierte oppgåver, lære om faget, og få god oppfølging frå våre instruktørar. Vi legg opp til at læretida skal ha mest mogeleg variasjon slik at du som lærling får ein brei kompetanse frå ulike avdelingar i kommunen.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Som helsefagarbeidar vil du vere lærling anten i Stryn (Stryn Omsorgssenter) eller i Innvik (Vikane Omsorgssenter) der du vil få praksis frå ulike avdelingar, i tillegg vil du i læretida vere utplassert i heimetenestene og Miljø&Velferd (ca 9 mnd). Kommunen tilbyr også lærlingane sjukehuspraksis i løpet av læretida.

Som barne og ungdomsarbeider vil du ha læretida di i Tonning Barnehage og på Tonning Skule, eller på Nordsida Barnehage og Nordsida Barneskule.

Kven vert kolleganene på jobben?

Som lærling vil du samarbeide med mange ulike arbeidsgrupper. Alt frå sjukepleiarar og fysioterapeuter (helsefagarbeidar), til førskulelærar og lærarar (barne&ungdomsarbeidarfaget)

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Ein kan søke heile året, men som hovedregel tek vi inn lærlingar på hausten kvart år. Intervjua til nye læreplassar skjer som regel i perioden april til mai.