Stryvo AS

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Stryvo har i 15 år hatt stor suksess med å utdanne flinke fagarbeidarar.  Dei 3 selskapa våre er ganske forskjellige, men alle er i segmentet mekanisk industri.  Bedriftene våre er alle rekna for å være spesialistar på nasjonalt nivå innanfor sine satsingsområde.  Vi er ca 90 medarbeidarar inklusiv 5 lærlingar, 45 i Stryn, 15 på Bismo og 30 i Oslo.  Vi har ei fin aldersfordeling  i selskapa våre, og det gir både god tryggheit og trivsel for deg som lærling

Korleis verte lærling i bedrifta?

Du må gjerne kontakte oss i god tid og be om å få eit møte for å bli kjent med oss.  For Stryvo er det viktig at du vel oss fordi dette er ei utdanning som er rett for deg, det har vi best erfaring med.  Vidare treng vi ein søknad med vitnemål som vi kan vurdere, eventuelt saman med intrykket vi har fått av deg.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Som lærling i Stryvo-selskapa vil du bli introdusert for den store breidda vi har av arbeidsoppgåver og fagområde.  Du vil få grunnleggande opplæring innanfor det faget som du skal ta fagutdanning i, og vår filosofi er at du raskast mogleg skal få starte med lærerike og utviklande oppgåver under god rettleiing av dine dyktige mentorer.  Hos oss kan du bli CNC operatør, industrimekanikar, platearbeidar, sveisar, byggmontør, samt mange fleire spesialutdanningar.  Våre lærlingar får også eit veldig godt utgangspunkt om dei vel å bygge på utdanninga med vidare studie.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Stryvo har 3 sjølvstendige bedrifter, i Stryn , på Bismo og i Oslo, alle sentralt plassert.

Kven vert kolleganene på jobben?

Stryvo har mange medarbeidarar, men jobbar i små team.  Dine kollegaer vil derfor først og fremst være dei i di avdeling, men du vil raskt om du ønsker det kome i god kontakt med alle i bedrifta.  Vi har kultur for å ta godt vare på våre unge lovande.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Søknadsfristen vår er  normalt 15.03 med oppstart 20. august.  Det kan være lurt å ta kontakt med oss i god tid viss du syns det verkar spennande å få ei utdanning i Stryvo.