INVITASJON TIL INSTRUKTØRKURS

23.-24. november 2021 (Nordfjordeid)

Vi har gleda av å invitere nye instruktørar til instruktørkurs. På kurset lærer du meir om mellom anna motivasjon, rettleiing, vurdering og kommunikasjon. I tillegg vil ein òg få bli betre kjent med vårt elektroniske opplæringsverktøy Olkweb, og korleis du kan bruke dette best mogeleg. Kurset passer for dei som er nye som instruktør eller tidlegare ikkje har tatt dette kurset igjennom Nordfjord opplæringskontor.

Kurset går over 2 dagar (12 timar), og varer frå kl 09.00 – 15.00 begge dagar.

Praktisk informasjon blir sendt ut på SMS ca 1 veke før kurset. Det blir servert lunsj begge dagar på kurset.

Frist for påmelding er fredag 19. november.

Velkommen!

Meld deg på instruktørkurs 23.-24. november