Kommunikasjon 

Kommunikasjon betyr å gjere noko felles. Er kommunikasjonen god, forstår ein kvarandre – ein trives og får glede og energi av å vere sammen. Dersom ein ikkje kommuniserer på ein god måte, kan dette føre til usikkerhet, utrygghet og følelsen av å vere lite verdsett.

Det finnes mange måtar å kommunisere på, og når du møter pasientar/brukarar må du alltid tenke på korleis du kan bidra til at dette møtet blir best mulig. Du må vurdere korleis du skal kommunisere med denne personen og skape trygghet og tillit.

Dette handlar om kroppsspråk, korleis du plasserar deg i forhold til den du kommuniserer med, kva språk du brukar (kva ord du brukar)

Det er ditt ansvar og sørge for ein god kommunikasjon i arbeidet med dei du skal hjelpe.

Vidare i dette emnet lærer du om:

  • Ulike former for kommunikasjon
  • Kva trygghet og tillit betyr og innebærer
  • Korleis du kan bruke kommunikasjon for å skape trygghet og tillit.
  • Korleis du kan tilpasse kommunikasjonen til brukarar og pasientar med ulik kommunikasjonsevne.

Korleis kommunisere…..

Ulike måtar å kommunisere på

Barn treng tid og ro. Dersom vaksne rundt dei framstår som stressa eller uroleg, vil dette påverke barna.

Korleis du kommuniserer med barn er og avhengig av alder og utviklingsnivå – kva ord ein brukar og kva ein kan vente av forståing hos barnet er forskjellig for ein 2-åring og 9-åring.

Tillit er avgjerande for ein god kommunikasjon.

Nokre råd:

  • Kroppsspråk – plasser det i same høgre som barnet. Vær bevisst eige kroppsspråk (nærhet og avstand, blikkontakt, kroppskontakt)
  • Vær konkret og tydeleg
  • Gi anerkjenning – bekreft det barnet opplever og føler
  • Lytt aktivt og følg opp det som blir sagt – ta barnet på alvor
  • Vær kreativ og leiken – gjennom leik og aktivitet går samtalen lettare. Barn bearbeider og tar ut opplevingar i leiken. Observer og lytt.
  • Musikk og sang kan skape gode relasjonar
  • Humor – men ikkje ironi (dette forstår ikkje barn)
  • Vær nysgjerrig sammen med barnet
  • Snakk med foreldrene – dei kjenner barnet best

I ungdomsåra opplever ein mange endringar – blant anna når det kjem til kropp og identitet. Kommunikasjon med tenåringer og ungdom handler i stor grad om å lytte. Ungdom treng å sette ord på ting, følelsar, meiningar og kva dei er opptatt av.

I ungdomsåra blir evnen til kritisk tenking utvikla – ein vil gjerne diskutere og finne fram til eigne løysingar.

Gode råd i kommunikasjon med ungdom:

  • Gi tid og rom til å lytte og godta det som kjem fram – anerkjenn den unge.
  • Ikkje kom med råd og formaningar – la den unge tenke sjølv. Det kan fremme trygghet og tillit
  • Vær tålmodig i kommunikasjon med unge. Det kan vere vanskeleg å forstå det den unge meinar, eller å få han/ho til å snakke.

Når ein blir eldre, blir kroppen svekka og det er mange som treng meir tid og ro – og kanskje lenger tid til å oppfatte det som blir sagt. Det er likevel viktig å vere bevisst at det er store variasjonar mellom eldre. Du må difor tilpasse kommunikasjonen til den enkelte.

Gode råd:

  • Ta deg god tid og ha ro – tenk over kroppsspråket ditt.
  • Språk – snakk normalt til dei eldre. Ikke barnespråk. Høyrer personen dårleg, så må du snakke tydeleg (treng ikkje rope). Unngå ord som den eldre kanskje ikkje forstår – som feks moteord.
  • Vær hyggelig og vennlig – dette er grunnleggende for ein god dialog, trygghet og tillit.
  • Erfaringar – ta utgangspunkt i dei erfaringane som den eldre har fra tidlegare. Mange har eit nært forhold til natur og dyr, er van med aviser i staden for nett. Her er det også store variasjonar mellom eldre.
  • Eldre som kjem fra anna kultur kan ha heilt andre erfaringar. Her er det viktig at du er interessert og at du har respekt for den eldres levde liv og erfaringar.

Det er mange ulike grader av hørselstap – nokre er født døve, medan andre er tunghørte. Nokon brukar høreapparat eller anna utstyr for å utnytte hørselen dei har. Nokon brukar teiknspråk, medan andre gjer det ikkje.

Ein hørselshemming har stor betydning for kommunikasjon. Mange opplever høyrselshemma som overlegne dersom dei ikkje reagerer når ein snakkar til dei, men dette kjem av at ein ikkje høyrer.

Gode råd ved kommunikasjon med høyrselshemma:

  • Reduser bakgrunnsstøy. Hos ein som brukar høreapparat, vil bakgrunnsstøy bli forsterka på lik linje med det du seier. Lukk vindu og dører om det er mykje lyd utanfor. Skru av TV og radio. NB! Tepper og bilder gjer at lyd blir dårligere (dei «absorberer»lyden)
  • Sørg for at den hørselshemma er oppmerksom før du begynner å snakke. Ta lett på skulder, blikkontakt.
  • Plasser deg slik at den du skal snakke med ser deg og at du har lys på deg (slik at ein kan lese på munnen)
  • Ikke hald hand foran munnen eller sperr for munnavlesing (drikke, spise eller røyke)
  • Bruk korte setningar og enkelt språk – tydeleg ansiktsmimikk og kroppsspråk
  • Vær tålmodig og gjenta det du har sagt dersom personen ynskjer det.
  • Snakk tydeleg, men ikkje høgt. Høg stemme kan gjere lyden uklar og grøtete. Snakk ikkje overdrevent tydeleg – det gjer det vanskeleg å lese på munnen.
  • Snakk roleg og med eit normalt språk
  • Sørg for at personen har forstått beskjeder og anna viktig informasjon. Skriv ned og/eller gjenta om nødvendig.

Ei synshemming kan vere alt fra ulike grader av svaksynthet til å ikkje kunne sjå noko som helst.

Nå du kommuniserer med brukarar/pasientar med synshemming bør du vere bevisst at dei ikkje kan sjå kroppsspråket ditt. Du må difor vere tydelig i kommunikasjonen og formidle på andre måtar det brukar/pasient ikkje kan sjå.

Du kan feks seie: » no blei eg glad», eller «det vart trist å høyre».

Gode tips:

  •  Ta initiativ til å helse på den med synshemming
  • Fortel kven du er når du henvender deg. Hugs å vende ansiktet mot den du snakkar med
  • Gi tydeleg beskjed når du kjem inn i rommet, og når du forlet det.
  • Bruk navnet på personen når du snakkar med han/ho i ei gruppe. Bruk også navn til dei andre i rommet – på denne måten unngår ein forvirring til kven som snakkar til kven.
  • Sørg for god belysning i rommet. Lyset bør vere bak pasienten og mot deg.
  • Informer om kva du gjer og når du gjer det. Ikkje bruk ord som «der» eller «her». Bruk heller «til høgre», «til venstre», «over» eller «under».
  • Ikkje hev stemma når du snakkar.
  • Orienter personen med synshemming på forhånd om nye omgivnader. Ikkje forlat pasient/brukar på ukjent stad utan eit fast haldepunkt.
  • Bruk gjerne ordet «sjå». Personar med synshemming er vant til det, og dei brukar sjølv ordet.
  • La ting stå på faste plassar.
  • Forlat alltid dører enten heilt opne eller heilt igjen. Skapdører skal vere igjen.
  • Ikkje flytt hendene til brukar når du skal vise han/ho noko – la heller brukar følgje armen din til gjenstanden.
  • Bruk ledsagerteknikk når du skal følgje pasient med dårleg syn.
    • Ledsagerteknikk: still deg ved sida av personen du skal ledsage. La armane dine henge langs med sida av kroppen. La personen gripe rett over albuen din. På denne måten kan brukar kjenne kvar du går. Når brukar skal sette seg, kan du legge hånda di på stolryggen – så kan brukar følgje armen din til stolen.

Ein person med utviklingshemming kan ha nedsett funksjon – blant anna når det gjeld forståing av språk, hukommelse, læring og merksemd. Enkelte kan og ha nedsatt reaksjonstid når dei bevegar musklar, ha ufrivillige bevegelser eller nedsett syn eller hørsel. Dette kan gjere det vanskeleg å forstå og oppfatte det som skjer. Det kan og bli vanskeleg å uttrykke seg.

Som helsefagarbeider er det viktig at du lærer korleis du kan kommunisere med kvar enkelt på best mogleg måte. Samarbeid med dei som er nær brukar om å finne gode former for kommunikasjon med akkurat denne brukaren.

Mennesker med demens kan du møte både på skjermet avdeling, i vanleg avdeling og i heimetenesta. Korleis du kommuniserer med brukarar som har demens, varierer ut i fra kva type demens dei har og kor langt tilstanden har utvikla seg.

Viktige råd når du skal kommunisere med brukarar som har demens:

  •  Rolig miljø – unngå bakgrunnsstøy.
  • Stå nær personen du skal snakke med. Bruk navnet til personen ofte når du snakkar til han/ho.
  • Kroppskontakt for å understreke viktige ting
  • Stå eller sit ansikt mot ansikt – det signaliserer likeverd
  • Snakk sakte og tydeleg. Bruk korte, enkle, klare og presise ord og setningar.
  • Kroppsspråk – vis med hendene når du forklarar noko (feks vegen)
  • Still ja- og neispørsmål
  • Seie ein ting av gongen – ikkje rams opp fleire ting (feks: «No skal vi gå ut i stova – så skal vi drikke kaffi og sjå på TV»
  • Vær konkret
  • Ta deg god tid!
  • Be brukar beskrive kva han/ho meinar. Hugsar ein ikkje navnet på ting, kan brukar forklare kva han/ho skal bruke tingen til. Foreslå gjerne eit ord, men ikkje avbryt for mange gongar – då kan brukar gi opp å prøve sjølv, og kanskje bli frustrert.
  • Vis ekte interesse for kva brukar ynskjer å uttrykke
  • Kroppsspråk er veldig viktig, men det er individuelt fra brukar til brukar kor mykje kroppskontakt ein ynskjer. Å halde hånda til brukar når ein snakkar, kan gi ro og auke konsentrasjonen.
  • Avleding kan fungere meir effektivt enn å rette på. Dersom brukar har ein feiloppfatning og du er usikker på korleis du skal forholde det til dette, kan avleding ved å finne på noko anna eller snakke om noko anna vere løysinga. Ein må vurdere kva som er best, då avleding kan føre til at brukar føler seg avvist.

For å kunne ha god kommunikasjon, må ein ha tillit til kvarandre. Tillit handlar om at ein er trygg og kan stole på den andre.

For å skape tillit må ein ha interesse og eit ynskje om å forstå. Dersom ein har tillit til nokon, tør ein å vere ærlig og vise kven ein er – då er det viktig at ein blir møtt på ein god måte, med vennlighet og respekt.

Korleis kan du skape tillit:

  • Respekt og vennlighet
  • Vær ærlig – åpen
  • Hald avtalar
  • Lytt til det som blir sagt – spør
  • Observer – kroppsspråket til brukar/pasient fortel mykje.

Kva bakgrunn, erfaringar og korleis vi er som person påverkar kva som skal til for at vi skal vere trygg.

Møter du menneske som treng hjelp og omsorg, er det viktig at du møter dei på ein åpen, omsorgsfull og vennleg måte. Trygghet er avgjerande for om pasientane forteller deg om sine problem og behov.

Trygghet gjennom:

  • respekt
  • forståing
  • tolmodighet
  • tid til kommunikasjon – observer og lytt

Trygghet innebærer at ein har tillit til andre menneske og omgivnadane våre. For at brukar skal vere trygg på deg, må du bli kjent med brukar – du veit kven brukar er, kva behov han/ho har, og korleis vedkomande reagerer.

Når ein veit kva som skal skje (forutsigbarhet), er dette med på å skape trygghet. Enkelte er meir avhengig av forutsigbarhet enn andre. Dette gjeld blant anna menneske med kognitiv svikt (eks: demens, psykisk utviklingshemming). Desse kan mangle forståing av tid og får difor problem med å forstå når ting skal skje. For desse er det viktig at daglege gjeremål skjer til ei fast tid og fast rekkjefølgje for at ein skal føle seg trygg.

For andre kan forutsigbarhet gjennom god informasjon skape trygghet, og ein må då sikre at brukar får nok informasjon til at han/ho føler seg trygg. I mange tilfeller må du som helsefagarbeidar vere eit talerør for brukar/pasient og formidle til sjukepleiar eller lege dersom brukar/pasient treng meir informasjon eller at informasjon blir gitt på nytt.

For dei som ikkje har språk eller har språkproblem, kan det vere nødvendig med andre måtar å skape forutsigbarhet og trygghet. Då kan det vere nyttig med bilder eller teikningar for å konkretisere og forklare best mogleg

Verbal kommunikasjon = språkleg kommunikasjon, kommunikasjon ved hjelp av ord.

Verbal kommunikasjon kan vere det du seier eller skriv.

Forhold som  bakgrunn, interesser, kultur, alder og dagsform avgjer korleis vi forstår det som blir sagt. Du vil i arbeidet ditt møte mennesker som det kan vere vanskeleg å kommunisere med. Språkproblem, kognitiv svikt, afasi og høyrselsproblem kan vere ulike føresetnader som du må ta omsyn til.

  • Vær tydeleg
  • Tenk over kva ord du brukar – tilpass språket til den du snakkar med.
  • Pass på at kroppsspråket samsvarar med det du seier (sjå link på kroppsspråk)

Non = ikkje

Verbal = språk (tekst, tale)

Kroppsspråket utgjer 80% av det vi kommuniserer – det er difor viktig å vite korleis du skal kommunisere gjennom å bruke kroppsspråket ditt på ein god måte, og korleis du tolkar kroppsspråket til andre.

Kroppsspråk handlar om korleis ein brukar blikk, ansiktsuttrykk, kroppsholdning, stemma og hendene i kommunikasjonen. Gjennom kroppen fortel vi kva vi meiner, korleis vi har det og kva følelsar som pregar oss.

Gode råd:

  • Ha blikkontakt
  • Ha ein open kroppsholdning – ikkje krysse armar og bein. Stå eller sitt med armane fritt.
  • Vis at du lyttar – nikk og bekreft det som blir sagt (sjå aktiv lytting)
  • Vær avslappa, naturleg og vennleg i stemma
  • Ha rolege bevegelser
  • La ansiktet uttrykke ro og interesse – ikkje rynke panna, ha munnen igjen

Gjennom god kommunikasjon der kroppsspråk og det du seier (verbal kommunikasjon) samsvarar, kan dette bidra til å skape trygghet og tillit mellom deg som pleier og pasient. Du bør og lære deg å «lese» kroppsspråket til pasienten. Då kan du betre forstå korleis dei har det, og kva behov dei har.

Blikket

Blikket uttrykker følelsane våre. Korleis vi ser på pasientar og brukarar – deriblandt kva haldningar vi har- vil syne igjen i blikket vårt.

Gjennom blikket kan du vise omsorg, forståing og empati. Blikket kan og skape utrygghet og distanse ved at ein er for intens i forståinga av pasienten. Ein bør difor ikkje halde på blikket for lenge. Kultureller forskjeller i forhold til det å halde blikket, er også noko ein må ta omsyn til

Stemma

Stemma kan vere skjelvende, skrålande, irritert, rolig, rask, høg, lav eller usikker. Det er nyttig å vere bevisst på korleis stemma di er i ulike situasjonar, då det påverkar dei som er rundt deg.

Sitte, stå eller gå

Korleis du plasserer deg i forhold til den du kommuniserer med, er ein del av kroppsspråket. Avstand til pasient har betydning for korleis kommunikasjonen blir.

Gode tips:

  • Set deg i rett høgde i forhold til pasienten. Sit pasienten, så set du deg ned på huk eller på ein stol slik at ansikta er i lik høgde.
  • Sørg for at du har augekontakt når du kommuniserar
  • Ikkje sit for nært, men nært nok til at du kan halde handa til pasienten.

Einvegskommunikasjon 

Når nokon seier eller skriv noko. Den som lyttar har ikkje mulighet til å gi tilbakemelding. Eksempel på einvegskommunikasjon er TV, radio, aviser, ukeblad, brosjyrer, plakat, konsert.

Fordelen er at vi kan gi beskjed til fleire om gangen. Ulempen er at vi ikkje veit om andre har oppfatta informasjonen slik den var tenkt. Ein bør difor unngå einvegskommunikasjon i helsetenesta.

Tovegskommunikasjon

Handlar om at kommunikasjonen går fram og tilbake mellom to eller fleire deltakarar. Det er gjensidighet – vi tar og vi gir. Vi kan lytte, spørre, kome med tilbakemeldingar og svare. På denne måten kan ein sikre at det ikkje oppstår misforståingar. Det er helsefagarbeidaren sitt ansvar å sørge for god kommunikasjon. Toveiskommunikasjon er eit viktig verktøy, då du ved å bruke tid på å bli kjent med brukar – at du lyttar og stiller spørsmål – kan skape tillit og trygghet.

Dobbeltkommunikasjon = når vi gir motsette budskap samtidig.

Når ein brukar dobbeltkommunikasjon viser ein noko anna med kroppsspråket enn det ein seier med ord. Kroppsspråket utgjer 80% av kommunikasjonen, og vil difor ha størst betydning når nokon skal tolke det som blir sagt.

Dobbeltkommunikasjon skapar utrygghet, usikkerhet, forvirringar og misforståingar. Mottakar vil ikkje kunne forstå det som blir formidla.

Når du skal kommunisere på jobb må du vere bevisst dette. Det er særlig viktig når du snakkar med barn, psykisk utviklingshemma og menneske med kognitiv svikt

Når du lyttar aktivt, setter du pasienten i sentrum.

God kommunikasjon handlar like mykje om å lytte som å snakke. Ved å lytte viser du respekt, empati og interesse. Dette skapar trygghet og tillit mellom deg og brukar/pasient.

Aktiv lytting innebærer at du er engasjert, merksam og høyrer nøye etter. Hensikta er å få fram opplysningar som sikrar god og rett pleie og omsorg.

Når du lyttar aktivt:

  • Ha augekontakt
  • Følg opp med spørsmål eller noko som bekrefter at du føl med på det som blir sagt (feks: nikke, smil)
  • Tolk kroppsspråket til den som snakkar undervegs (kroppsspråk utgjør 80% av det som blir sagt)

Soner 

Vi kan dele området rundt oss i soner. Desse sonene er delt inn i:

  • Den sosiale sona: 1-3 meter avstand
  • Den personlege sona: 0,5-1 meter avstand (venner og kjente som vi ikkje møter så ofte)
  • Den intime sona: 0-0,5 meter avstand. (familie, gode venner og kjærester)

Vi har størst avstand til dei vi ikkje kjenner eller føler oss trygge på. Dette er viktig å ta omsyn til når du møter nye mennesker. Som helsefagarbeider er du i mange tilfeller avhengig av å kome tett innpå pasientar, og det er difor viktig at du blir godt kjent med pasienten slik at han/ho føler seg trygg på deg.

Berøring

Å bli tatt på (fysisk kontakt) er eit grunnleggende behov. Berører du ein pasient på ein god måte, viser du aksept – noko som er bra både for den psykiske og fysiske helsa. Fysisk kontakt kan du få du når du hjelper pasienten med stell, trøst og når du pratar med dei. Berøring kan forsterke noko vi ynskjer å formidle til pasienten med ord – feks støtte eller trøst. Det er likevel viktig å kjenne til kva forhold pasienten du hjelper har til fysisk kontakt. Nokon likar ikkje dette, medan andre har større behov for fysisk kontakt.

Korleis du berører pasienten har også betydning. Har du eit trygt og fast grep, formidlar dette trygghet. Er du utålmodig og har det travelt, kan du kanskje gjere ting litt fort og slurvete. Dette vil pasient merke, noko som igjen påverkar opplevelsen av stellet – pasienten vil føle seg lite ivaretatt.

Vær obs på at det er kulturelle ulikskapar når det kjem til berøring. Dette må du respektere. Tilpass berøring til pasienten og situasjonen.

Berøring kan i mange tilfelle uttrykke meir enn det ord og språk kan gjere. Empati kan ein vise gjennom å legge ei hånd på den andre si hånd eller gi ein klem.

Det finnes ulike former for berøring:

  • Funksjonell berøring: berøring knytt til oppgåver som ein må gjere for å hjelpe pasienten. Dette kan feks vere dusj, påkledning, børste hår.
  • Ekspressiv berøring: berøring som ikkje er knytt til oppgåver, men handlar om følelsar som oppstår i augneblinken. Dette kan eksempel vere å legge ei hånd på pasienten sin skulder for å trøste eller formidle ro og trygghet.
  • Bevisst stimulering: Handlar om å berøre for å berøre. Berøringa er eit mål i seg sjølv. Det kan eksempel vere massasje for at brukar skal få smertelindring eller avslapping.

Det er viktig at berøring blir brukt på ein slik måte at pasienten opplever det som passande og god. Bruk difor sansane dine for å vurdere og observere korleis pasienten reagere på ulike former for berøring.

Stillhet

Ein viktig del av god kommunikasjon kan i mange tilfeller vere stillhet. Stillhet formidlar tillit, då ein ikkje nødvendigvis treng å prate for å føle eit fellesskap. Stillhet gir rom for å tenke over det som blir sagt. Vi brukar tid, lyttar og reflekterer.

Vurder stillheten og korleis den oppleves for pasienten – Er den god eller trykkande og ubehagleg? Enkelte opplever stillhet som utrygt – då bør du bryte stillheten.

Handlar om å bruke musikk og rytme i kommunikasjon med brukarar/pasientar.

Musikk påverkar oss og framkallar følelsar og minner, og er eit godt verktøy i arbeid med brukarar/pasientar som har kognitiv svikt (demens).

Kan skape ro, trygghet og tillit. Musikk kan virke støttande og lindrande i livets sluttfase.

Å lytte til musikk eller delta aktivt med å synge, klappe eller bruke instrument kan vere ein fin måte å kommunisere på.

Tenk over kva stemning ein ynskjer når ein brukar musikk. Voggesanger og sangar med repetetive rytmer (rytme som gjentar seg) virke beroligende. Det samme kan viser, salmer og andre typar meditativ musikk.

Stillhet

Ein viktig del av god kommunikasjon kan i mange tilfeller vere stillhet. Stillhet formidlar tillit, då ein ikkje nødvendigvis treng å prate for å føle eit fellesskap. Stillhet gir rom for å tenke over det som blir sagt. Vi brukar tid, lyttar og reflekterer.

Vurder stillheten og korleis den oppleves for pasienten – Er den god eller trykkande og ubehagleg? Enkelte opplever stillhet som utrygt – då bør du bryte stillheten.

For å få oversikt og informasjon om pasientar, stiller ein ofte spørsmål. Det kan og vere ein godt verktøy for å finne ut om du har forstått pasienten riktig.

Når du stiller spørsmål, viser du interesse og det kan vere nyttig for å få igang ein samtale. Korleis du stiller spørsmål på, er avgjerande for korleis samtalen utviklar seg. Ein kombinasjon av lukka og opne spørsmål kan vere ein god måte å kommunisere på.

0pne spørsmål

Opne spørsmål gir pasienten mulighet til å kome fram med sine eigne behov, ynskjer, opplevelser og tankar – dei kan snakke fritt. Opne spørsmål begynner ofte med: korleis, kvifor eller kva. Eksempel: «Korleis har du det i dag?», «Kva ynskjer du til frukost i dag?». Opne spørsmål viser at du har tillit til pasienten – pasienten føler seg verdsatt og det aukar meistringsfølelsen og gir sjølvtillit. Pasienten føler at han/ho har kontroll over eige liv.

NB! Enkelte brukarar/pasientar har problem med å velge. I arbeid med desse kan du kome med forslag.

Lukka spørsmål

Kan ein ofte svare på med korte ord som nei og ja. Vi brukar lukka spørsmål for å få avkrefta eller bekrefta ting vi lurer på, og kan vere nyttige for å få klarhet i ting. For pasientar som har problem med å snakke, kan det vere lettare med denne typen spørsmål.

NB! Ver obs på at enkelte kan svare ja, men meinar nei (og omvendt) Dette kan kome av at dei høyrer dårleg eller ikkje har forstått spørsmålet.

Nettside levert av Frequency